Boligtaksering      

Eg held til i Haram kommune, men arbeider gjerne i nabokommunane også.

Eit illustrasjonsbilde av hus i Tennfjord i Haram

Litt om meg

Eg starta for meg sjølv med bygningsarbeid i 1994 etter å ha arbeida i kommunen nokre år. I 1997 tok eg svennebrev som tømrar og i år 2000 fekk eg mesterbrev i faget. Etter den tid har eg titulert meg som byggmester. Tidleg i karrieren bygde eg ein del nye hus for husleverandørar i distriktet. Etter at eg tok mesterbrev har eg stort sett gjort reparasjons- og rehabilitering på eksisterande hus, det har også vore nokre tilbygg.

No har eg teke vidareutdanning og er no takstmann og medlem i landets største og eldste takstorganisasjon NTF.

Eg er sertifisert av Norges Takseringsforbund for Boligtaksering

 

Ta gjerne kontakt via lenka her. Du kan nå meg om det er ting du lurer på via mobil 482 06 377

  • Her er eg i gang med oppmåling med lasermåler. God og nøyaktig oppmåling både ute og inne er svært viktig.