Tilstandsrapport bolig.

Pris ca. 12 000,- kr for vanleg bolig.

Prisen som er nemt ovanfor vil vere ein pris for ein vanleg einebustad med inntil 2 våtrom (bad og vaskerom). Då går eg gjennom huset utvendig og innvendig og det som måtte finnast av eventuelle feil og manglar vert normalt avdekt.

Det går også an å få ein tilstandsrapport på eit enkelt rom f.eks. bad. Då ser eg kun på det rommet det er avtalt at eg skal sjå på og prisen vert ein heilt anna. Dette kan vere aktuelt som ein kontroll på at utført arbeid er som det skal vere.

Vanlegvis vert tilstandsrapporten utført på det som heiter nivå 1, som tyder utan destruktive inngrep/riving. Riving ved mistanke om større skjulte skader eller problem vert avtala i det enkelte tilfelle.

Ein tilstandsrapport har klare retningsliner for korleis den skal utførast. Norsk Standard NS 3424 seier kva den skal innehalde og korleis den skal utførast.

Bruksområdet for ein tilstandsrapport eller tilstandsanalyse som Norsk Standard kallar det kan variere stort. 

Tilstandsrapport kan brukast for å vurdere kva som skal gjerast av vedlikehald og reparasjonar på ein eigedom framover og kva som bør prioriterast først og sist. Då er det mest vanleg å rekvirere ein rapport på heile eigedomen.

Tilstandsrapport kan også omfatte berre ein del av bygninga, eventuelt ein enkelt bygningsdel. Dette kan for eksempel vere eit eller fleire våtrom.

Tilstandsrapporten er også svært anvendeleg som reklamasjonstakst. Du har mistanke om at boligen du har kjøpt ikkje samsvarar med det som vart opplyst då du kjøpte. Då vil ein tilstandsrapport kunne avdekkje om du har grunn til å reklamere eller ikkje.

Ta gjerne kontakt for avtale, min kompetanse som Byggmester kombinert med lang erfaring set meg i stand til å vurdere kva som må gjerast.

Ring meg på 482 06 377 og vi kan vurdere saman korleis vi skal gripe det an.

Eventuelt bruk kontaktfeltet under.