Overtakelsesforretning

Pris vil variere etter omfang, men normalt ligge på frå 4 000.- kr.

Det å overta ny bolig er for dei fleste ein milepel i livet. Du er i ferd med å gjere det dyraste kjøpet i livet. Her kan eg vere til hjelp, dette er ein del av faget mitt. Eg kan vere ein nøytral fagperson inn i det å overta ny bolig.

Overtakelsesforretning er det når kjøpar og seljar går gjennom boligen og kjøpar formelt overtek som eigar. Det som skjer er at kjøpar overtek det økonomiske ansvaret, no er det kjøpar sitt ansvar å halde hus/leilegheit forsikra. Den som har bygt får betalt for arbeidet.

Når du overtek godtek du også det arbeidet som er gjort og det vert vesentleg vanskelegare å nå fram med reklamasjonar på arbeid som ikkje er tilfredsstillande utført.

Har f.eks. badegolvet skikkeleg fall til sluk?

Er huset i lodd og vater?

Kva reglar gjeld for utførelse?

Korleis er toleransekrava, er dette i samsvar med slik det skal vere?

 

Dette og mange andre ting kan eg hjelpe med ved overtakelsen.