Byggelånsoppfølging

Prisen vil variere mykje ut frå omfang og størrelse på oppdraget og vert derfor etter medgått tid. Her gjer vi ein avtale før vi starta om kva eg skal gjere og når det skal kontrollerast og prisen vert bestemt ut frå dette.

Byggelån er eit lån banken gir til å oppføre eit bygg.

Det er viktig at dei rekningane som vert belasta byggelånet heile vegen er reelle og i samsvar med dei verdiane som er tilført bygget. I ein del tilfelle er det også slik at det skal betalst eit forskot på ein leveranse og då må det stillast sikkerheit for forskotet. Dette vert det passa på ved ei byggelånsoppfølging. 

Byggelånskontrolløren ser også etter om byggelånet er tilstrekkeleg til å gjere ferdig bygningen slik som den er beskreven.

Byggelånskontrollen er mest for at banken og til sist byggherren skal vere trygg på at det som vert utbetalt er i samsvar med det som er gjort.